Ingerid Jordal


Eg arbeider med menneske, landskap og identitet i vid forstand, ofte med islett av surrealisme og humor. Min praksis er forankra i subjektiv dokumentarfotografering, men eg har og arbeidd med bildespel, gjerne i samarbeid med komponistar og musikarar. Tematikk i arbeida er ofte tilhøyre, korleis omgjevnadar manifesterer seg i menneske, og menneska sin måte å demonstrere tilhøyre på.